Sterk&Klar-treff på Kviteseid skule, 10. trinn

18.00-20.00 2. mars 2022

Foreldretreff med Cecilie Widnes om psykisk helse, gaming og sosiale medier

Meld deg på her

Ungdatatala viser at det er stadig fleire ungdomar som rapporterer om psykiske helseplager. Ein av fem gruer seg til å gå på skulen, og ein av ti seier at dei ikkje har ein fortruleg venn. Samstundes bruker ungdom meire tid på sosiale medier enn tidlegare. Korleis kan foreldre påverke den psykiske helsa til sine barn og kva for ein effekt kan bruken av sosiale medier ha på barn og unges psyke?

Cecilie Widnes er sosiolog og har i fleire år vært formidlar i Sterk&Klar, samstundes som ho òg er generalsekretær i IOGT i Norge. Cecilie jobbar dagleg med rusførebygging, og som mor til tre barn har ho mange gode og nyttige erfaringar å dele med andre foreldre.

Alle føresette bør få med seg foredraget i Sterk&Klar. Det er viktig at du møter sjølv om du kanskje har vore med på dette treffet tidlegare med born som er eldre. Dette er eit godt høve til å bli kjende med dei andre føresette og snakke om å settje grenser, og om klasse- og oppvekstmiljø.

Meld deg på her