Sterk&Klar-treff på Moster skole, 9. trinn

18.00-20.00 19. mai 2022

Foreldretreff med Arne Klyve om psykisk helse og sosiale medier.

Meld deg på her

Tal frå den nasjonale undersøkinga Ungdata viser at det er stadig fleire ungdomar som rapporterer om psykiske helseplager. Ein av fem gruer seg til å gå på skulen, og ein av ti seier at dei ikkje har ein fortruleg ven. Samstundes bruker ungdom meir tid på sosiale medier enn tidlegare. Korleis kan foreldre påverke den psykiske helsa til borna sine, og kva for ein effekt kan bruken av sosiale medier ha på born og unges psyke?

 

 Arne Klyve er samfunnsvitar, forfattar og seniorrådgjevar på rusfeltet. Han har skrive ei rekke bøker, til dømes «Sinte, unge, villfarne menn» (2016), samt Bufetats hefte «Foreldrerollen i rusforebyggende arbeid. Ærlighet, humor og utholdenhet». På rusfeltet har han særleg vore oppteken av unges oppvekst, foreldrerollen og i de seinare åra òg besteforeldrerolla. Han held ofte foredrag for fagfolk, studentar og andre målgrupper.

Alle føresette bør få med seg foredraget i Sterk&Klar. Det er viktig at du møter sjølv om du kanskje har vore med på dette treffet tidlegare med born som er eldre. Dette er eit godt høve til å bli kjende med dei andre føresette og snakke om å settje grenser, og om klasse- og oppvekstmiljø.

Meld deg på her