Sterk&Klar-treff på Ogna skule, 10.trinn

18.00-20.00 26. april 2022

Foreldretreff om overgangen fra ungdomsskule til vidaregåande skule, cannabis og russetid med politibetjent Roy Henning Aanestad

Meld deg på her

Ungdatatall viser at det skjer eit hopp i alkoholbruken blant ungdom når de begynner på vidaregåande, og sjølv om cannabisbruken blant norsk ungdom er veldig låg skjer det likevel også eit hopp i bruken av dette. Dei aller fleste er myndige når russetida går i gang, men korleis kan ein som forelder likevel bidra til at ungdomane får ein tryggare russefeiring? Kva er viktig å vite om cannabis og debatten knytt til avkriminalisering og korleis denne kan påverke ungdomens syn på stoffet?

Dette er nokon av spørsmåla vi vil svare på på det siste Sterk&Klar-foreldretreffet for dette kullet. Vi vil setje av tid til å prate og drøfte en case saman med dei andre i foreldregruppa.

Roy Henning er ein dyktig formidlar, som engasjerer publikum med sine erfaringar og sin humor. Han har god kjennskap til førebyggande arbeid, og har mange gode råd til foreldre.

Meld deg på her