Ungdatatall viser at det skjer eit hopp i alkoholbruken blant ungdom når de begynner på vidaregåande, og sjølv om cannabisbruken blant norsk ungdom er veldig låg skjer det likevel også eit hopp i bruken av dette. Dei aller fleste er myndige når russetida går i gang, men korleis kan ein som forelder likevel bidra til at ungdomane får ein tryggare russefeiring? Kva er viktig å vite om cannabis og debatten knytt til avkriminalisering og korleis denne kan påverke ungdomens syn på stoffet?
Dette er nokon av spørsmåla vi vil svare på på det siste Sterk&Klar-foreldretreffet for dette kullet. Vi vil setje av tid til å prate og drøfte en case saman med dei andre i foreldregruppa.
Christoffer Larsen er ein erfaren foredragshaldar som har jobba med ungdom store delar av livet, mellom anna gjennom 20 år på ungdoms- og konfirmasjonsfeltet i Human-Etisk Forbund. Han har eigne barn som no nærmar seg ungdomstida, og er denne våren fungerande prosjektleiar i Sterk&Klar.