Sterk&Klar-treff på Seljord ungdomsskule, 8.trinn, 2.treff

18.00-20.00 30. mars 2022

Foreldretreff om rusførebygging, alkohol og cannabis med Christoffer Larsen

Meld deg på her

Tidleg alkoholdebut er ofte knytt til større risiko for skadar, vald og sjukdom. Heldigvis stig den gjennomsnittlege debutalderen knytt til alkohol jamt og trutt og fleire ungdomar vel å ikkje byrje i det heile. Samstundes er terskelen for å prøve cannabis, lågare enn før. Korleis er du som forelder med på å påverke denne utviklinga? Korleis kan du førebygge i din familie, men også som ein del av ein foreldregruppe? Dette er noko av det vi vil svare på på dette foreldretreffet.

Like viktig som innhaldet i føredraget denne kvelden, er det at vi legg til rette for at foreldregruppa får tid til å prate saman. I løpet av kvelden skal de bli samde om fem førebyggande tiltak de vil ha fokus på dei tre neste åra. Det har ein god førebyggande effekt at foreldre set grensar i fellesskap og samtidig er gode rollemodellar saman.

Christoffer Larsen er ein erfaren foredragshaldar som har jobba med ungdom store delar av livet, mellom anna gjennom 20 år på ungdoms- og konfirmasjonsfeltet i Human-Etisk Forbund. Han har eigne barn som no nærmar seg ungdomstida, og er denne våren fungerande prosjektleiar i Sterk&Klar.

Meld deg på her